tirsdag 21. oktober 2008

Arbeidsveka til Linn Silje

Måndag: Studere. Det må lesast bøker og skrives rapportar for skulen i Noreg. Heile denne dagen går med til å fullføre desse krava.

Tysdag: Engelskundervisning og folkeopplysning. Møte opp til samling kl. 07.00 (som kvar dag elles i veka), gje engelskundervisning (når/om materialet kjem på plass) åt jentene 08.30-11.00, vere ved det litle huset frå 11.00-13.00. Her kjem det ungar og vaksne for å spele spel, slå av ein prat, eller lese i bøker. Dei einaste bøkene som finst er slike små hefter om AMU og HIV/AIDS, Sigerherrane av Roy Jacobsen, to barnebøker på kinyarwanda og ei bok på engelsk. I spelvegen går det mykje i memory og fire på rad. Frå 13.00-16.00 har vi fri, då blir det ofte til at vi ét lunsj, og så går vi tilbake til det litle huset/la petite maison/jijuka i ein og ein halv time til. Vi ser fortsatt litt skumle ut, så det er ikkje så mange av lokalbefolkninga som tør å nærme seg oss der vi sit, difor blir eg og Hanne ofte sitjande og spele fire på rad åleine denne siste økta av arbeidsdagen.

Onsdag: Heimebesøk og kor. Før lunsj går vi rundt og besøker mødre, barn og familiar som blir stødde av AMU. Virkeligheita vi møter her er ofte litt annleis enn den vi sjølv lever i, til og med her i det same landet. Etter å ha sett korleis livet er noko hardare for nokon enn for oss andre, er det tid for lunsj. Og kanskje litt ettertanke. Frå 13.30 er det korøving, med både ansette og ”elevar”. Songane omhandlar som regel Imana, Gud, som er ei viktig ingrediens i livet til dei aller fleste her. Songane går på kinyarwanda, så fortsatt syng eg sånn halvvegs med, brukar cirka dei same lydane som alle dei andre, men har ikkje peiling på kva dei tyder.

Torsdag: Se tysdag

Fredag: Kontorarbeid, rapportar og evaluering. Eg skal jobbe saman med regnskapsføraren, og det utstyret han brukar liknar skremmande mykje på den arbeidsboka vi hadde i øki på grunnkurs. Excel har liksom ikkje fått ordentlig tak her nede enno. Etter å ha utspelt mi rolle som co-pilot, er det tid for å skrive rapport(ar) frå det eg har gjort denne veka – heimebesøk, korleis det fungerer på det litle huset, forslag til endringar/initiativ. Utanfor sit gruppa med kvinner, ofte med HIV, som nyttar seg av mikrofinanstilbodet ved AMU og syng.

Laurdag: Eigentleg fri, men HIV/AIDS-dag (eller aktivitetsdag for sport- og kulturgruppa). Ungar med HIV kjem til AMU, for aktivitet, nærheit, å bli sett og for latter. Hittil har eg ikkje fått moglegheita til å delta på denne dagen; først på grunn av elektrikaren som skulle kome, og som kom og ville ha ein øl, og så på grunn av at presidenten skulle rundt på alle skulene i området her, og då måtte barna halde seg på skulen.

Søndag: Kyrkja. Her er det mykje å velje mellom, så vi går foreløpig litt i hytt og vær, skal ikkje forundre meg om vi kan greie å gå i forskjellige kyrkjer kvar søndag, 7x4, heilt til vi skal heim igjen.

Sånn går no dagan.


Linn Silje<3

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, hortes kjennt ut det med bannaner til middag, har dere saanne riktig store bannaner som du koker og spiser som potet? gjerne med brunsaus, eller stekt i panna som potet. Helt snaalt. Hores ut som om du trives altsaa =) godt aa see at du og hanne gaar bra i lag ogsaa.

entonces, du faar forstaett me svampeteknikken og take care =)

Klem fra Orjan

Anonym sa...

Hørres no kosle ut aillt d der:)Sara hi om Afrika i tema henn vækka, fekk plotta inn Rwanda der gitt.Va jo næstn bærre ein bitte-litn prekk.. Sara kosa sæ. Rækne me d e mang som kjæm å vil spæll me dåkk ættikvart...
Du fekk no eitj nytj søskenbarn i går, ei veitj.Malin syns ho skoill heit Milla, vi får veintj å sjå....
Klæmma frå mamma:)

Arnhild sa...

Dette var en innholdsrik uke. Det blir sikkert enda mer spennende etterhvert som dere blir mer kjent med folket og kommer i kontakt med dem. Idunn hilser så mye til deg. Tanten.

Anonym sa...

Høres ut som ei travel og opplevelsesrik uke!:-)
Bli d likens kvar uke trur du?

Anonym sa...

Ikke hytt og pine, altså???
æ kom te å tenk på falstad-seminaret da du skreiv det... nåkkå te foredrag, derre! må fårrå alein vess æ ska dit i år:( de e de itj så my meining å mangfold i;)

ellers så syns æ de høres så spennende ut!! du e tøff som tørs derre, sekkert utruli vanskelig å forhold sæ te sånt. duådu!

trondheim e lite spennende. oppdatere dæ hvis det ein gang skjer nå!!

sisi.

LinnSilje* sa...

Maa baere beklag at ae ikke svare godt nok og ordentlig te aill sammen, men ae sett veldig pris paa at daakk laegg igjen naan ord, altsaa! Det e saa koselig aa sjaa at daakk les det ae skriv (eller hvertfall late som). haha.

Oerjan: Bananan e ca like stor som daem vi har i norge trur ae, kanskje litt stoer, men heilt groenn. og daem etes som potet,ja. Men ikke naa brun saus, ofte frityrstaekt. Her ein dag fekk vi bananmos - det va godt!

Tante: Haels tebake te Idunn, og ae ska proev aa skriv litt meir om maten aetti kvart.

Sh: Ja, bli nok saann timeplanen min sjer ut, men ungan har bynnjt aa kommi - daem e alt for mang, og det kjaem vesst enda fleir i ferin!;o

Sissy: Ae tenkt paa Falstad ae og! Haha, rart derre;b Men du maa jo faarraa, skriv dae in som to persona, Linn Silje og Linn SIsilie, saa hoppe du fra bord te bord, og saa late vi som ae e der. 2010 sei ae baere!

Glad i daakk aill