Om fire dagar forlet eg Trøndelag for å gå på skule i Mandal i seks veker. Eg veit fortsatt ikkje heilt kva eg går til, men greitt blir det heilt sikkert uansett. Rommet mitt ser ut som kofferten min - alt ligg strødd utover. Det vanskeligaste no er eigentleg å finne ut kva eg skal leggje igjen, kva eg skal ta med, og om eg skal kaste noko. Sidan eg har knapt med tid, reknar eg med at det blir lite kasting og det meste heller lagt i esker eg sikkert kjem til å kaste om eit år..
I morgon (eller, i kveld) må eg seie hadet til mange av dei eg har vore mest saman med dei siste åra. Det blir rart, men eg veit at det går seg til. Og så blir det så koseleg å sjå alle saman igjen om eit år!:) Kven veit - kanskje hamnar vi alle saman på same plassen då?;b
fredag 8. august 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hehe, søta. Bra nynorsk gitt;)
Møtes i kveld ja du, itj snakk om nå anna! Ska hold mæ oppdatert her underveis æ :)
Legg inn en kommentar