søndag 31. august 2008

What a wonderful world..

Kven skulle tru at ein enkel person kan gjere ein heil dag mykje lysare enn han såg ut til å skulle bli? Når alle desse andre personane som brukar gjere det til vanleg er så langt borte, kven skulle det då kunne vere? Men denne personen finst,. Ho kjem springande imot meg og seier at ho har sakna meg, for ho har ikkje sett meg før i dag. Kvar har eg vore?

Takk for at eg blir sett. Klaus har heilt rett - alle har eit behov for å bli sett, både små og store, for å føle seg verdsatt. Den eine klemmen eg fekk i dag gjorde utruleg mykje, ting blei lettare.
Eg håper at eg om eit år vil kunne kaste av meg den stoiske roa vi nordmenn har overfor kvarandre, og i staden for å rekne med at folk kanskje skjønner at dei blir sett, rope det ut og la dei verkeleg få vite det. Det er så lite som skal til.

Linn Silje<3

Ingen kommentarer: